|
Austevoll
- Verdt å sjå
Bekkjarvik
 Tradisjonsrikt og levande handels- og sjøbruksmiljø med Bekkjarvik Gjestgiveri,
butikksenter, postkontor, nothengje, lun gjestehamn og badeplass. Kvar sommar er det store kystkulturarrangement i den gamle nothengja og med besøk av veteranbåtar. Butikksenteret er omsorgsfullt tilpassa dei gamle sjøhusa med mange spor frå tida med salting av sild, laging av tønner, utrusting av fiskebåtar og vedlikehald av fiskeredskapen.
Storebø
Kommunesenter med stor fiskerihamn, butikksenter, serveringsstad, gjestehamn med marina, badeplass og friluftsområde. Legekontor, bank, post i butikk og kyrkje. Hamnemiljø med fiskebåtar og lastebåtar til fiskeindustrien som er ein av Noregs største fiskeindustri-verksemder når det gjeld laks, sild og makrell.
Kystkultur
Austevoll er ein levande kystkommune med stor verdiskaping innan fiskeri, oppdrett, industri og offshore. Kystkultur er både gamalt og nytt. Austevoll har mykje å sjå av begge deler. Her er flotte naust- og hamnemiljø, store sjøhus for utrustning av fiskebåtar, båtar av alle slag, småbruk, kystlandskap, fiske, sjømerker, og mykje meir som kan oppleavast frå landevegen eller frå sjøsida med eiga båt eller som passasjer på ferje eller snøggbåt.
Marsteinen
fyr
Kjent landemerke ved innseglinga til Korsfjorden og Bergen. Fyret er ikkje bemanna, men besøk er mogeleg etter avtale. Dårlege kaitilhøve. Tilkomst til fyr med helikopter. Ta kontakt med Fonnafly.
Villsau
Villsauen i Austevoll er ein gamalnorsk sauerase som har levd på norskekysten i meir enn tusen år. Villsauen er ikkje "vill", men er ein del av drifta i jordbruket. Villsauen lever ute heile året og er ein del av skog- og lyngheilandskapet. Villsauen vert sanka saman to gangar i året for klipping og utplukking av dyr til slakting. Kjøt av villsau skil seg frå anna sauekjøt både i smak og kjøtkvalitet. Villsauen er kraftigare i smaken og minnar meir om vilt. Du kan oppleve villsauen beite langs vegen sør-vest på Huftarøy eller langs turstiane. Gå inn på Villsaulaget Vest sine nettsider for meir informasjon.
Hufthamartunet
Hufthamartunet er eit gamalt
gardstun som ligg like ved ferjekaia på Hufthamar. Den
eldste stova er frå 1600-talet. Dei siste fastbuande
flytta ut i 1970 og tunet er no teke godt vare som bygdetun
og er open for omvisningar og mange kulturarrangement
om sommaren. Klikk her for meir informasjon. Lag link
og lignende til kommune/brosjyre
"Ut
mot havet…"
Kjenner du trongen mot
det opne havet, skjergarden, vinden, saltsmaken, måkeskrik,
bølgeklukking? Du finn det lett i Austevoll! Med bil
over bruene eller med båt kan du reise vest mot havet
og få opplevinga, året rundt, helt gratis og like sterkt
kvar gong! Finn den stille dagen eller den dagen alt
er i opprør. Kombiner t.d. med besøk på fiskerisamlinga
på Bakkasund eller på tur på merka stier langs Nordsjøløypa.
Loshytta
på Kalve, på Bakkasund, like ved Nordsjøløypa.
I gamle dagar måtte losen
følgje med på båtane som kom seglande og spørje om dei
skulle ha los om bord. Loshytta er ei lita bygning på
Kalve med god utsikt ut over havet. Hytta er restaurert
og det er ei fint murt trapp opp.
Kolbeinshamn
Gamal handelsstad med ei skikkeleg landhandel, kafe og ei stor gjestehamn med marina og overnattingsmogelegheiter. God hamn. Sjå www.kolbeinshamn.no for meir informasjon.
Stolmen
Austevoll var eit av dei fyrste stadane som vart isfritt for omlag 10 000 år sidan. På Stolmen er det gjort ei mengde funn som stadfestar at dei fyrste jeger- og fangstfolka slo seg ned her i øyriket. Det er eit rikt fugleliv og mange gode fiskeplassar rundt øya. Utmarka er ope for ferdsel til fots, og ein kan fritt overnatta i medbragt telt.
Kvalvåg, Stolmen
Ei særprega gamal handels- og fiskerihamn med eit spanande naustmiljø, kyrkje og kafe. Rutebåten stopper ikkje der lenger, men kaia og miljøet er i god stand. Kystkulturdagar kvar sommar. God og lun hamn.
Tysk
radar- og lytteanlegg
Tyskarane bygde eit anlegg
for radar og lytting på trafikken på Stolmen under siste
krig. Det ligg restar igjen av anlegget som gjev eit
inntrykk av aktivitetane. Anlegget ligg langs Nordsjøløypa.
Bruer
er oppleving
Austevoll er eit øysamfunn
der bruer er særs viktig for å kunne kommunen saman
på ein god måte. Bruene er ein fin del av landskapet
i seg sjølv, samstundes som dei er flotte utsiktspunkt
og det er lagt til rette for rasting og parkering. Ta
ein stopp neste gong, og ta gjerne fiskestang og badetøy, det er kort veg til sjøen! Sjå også www.vegvesen.no
Fugleliv/Lyngheier
Austevoll har eit rikt fugleliv. Du finn meir informasjon på www.bof.no
|