Hovudsida
Verdt å sjå i Austevoll
Kystkultur
Småbåthamn
Turløyper/ Nordsjøløyper
Fiske
Friluftsområde
Aktiviteter
Overnatting og Servering
Handel
Transport
Kontakt oss
Korleis kjem du deg til Austevoll
VR-presentasjon av Austevoll
Lenker
Kart
English version English
Norsk versjon Norsk

Austevoll - Turløyper / Nordsjøløyper

Nordsjøløypene er merka. Les meir på Hordaland Fylkeskommune sine nettsider.


N= Stolmen frå Kvalvåg - Våge
N= Selbjørn Gauksheim - Stolmabrua
N= Selbjørn Grasdal - Bekkjarvik
N= Hudvåkøy - Troland
N= Bakkasund Kalve - Skansen

Nordsjøløypa på Stolmen: Løypa følgjer gammlevegen frå Kvalvåg til Våge. Her er avstikkarar til "Såta" som er det høgaste punktet på Stolmen. Du går også forbi restane av radaranlegget som tyskarane bygde opp under andre verdskrig. Du bør vera godt skodd fordi ei mengde område består av myrlandskap. Er du heldig treff du på ein villsau, kanskje ei ørn eller hubro. Til og med albatross er blitt observert. Det fins ei brosjyre som omhandlar løypa hos Hordaland Fylkeskommune. Denne kan du også få hos handelsmannen på Stolmen,
C. Aarland, tlf: 56 18 50 13.

Fjelltoppar: Veten, Loddo, Kongsen.

Turstiar:
Folkestien på Stolmen: På Våge kan du ta turen over moloen, gå folkestien ut til fyret og oppleve panoramautsikt over havet - ut over Selbjørnsfjorden, Tysnes, Stord, Bømlo, Brandasundet og Slaaterøy Fyr. Vidare kan du følgje stien gjennom eit særbrega sjøbruksmiljø i Stolmavågen, som var godt kjent før 1600-talet. Her låg også eit gjestgjevarhus. Stien endar i Kvalvåg, nord på øya. Stien er merka.

Vinnesvatnet
Ved Vinnes skule finn du ei merka løype med fint turterreng rundt vatnet. Høve til fisking og bading.

kart

Austevoll Reiselivslag, p.b.99, 5399 Bekkjarvik Tlf: 95187698 post@visitaustevoll.no