|
Austevoll - Kystkultur
Austevoll er ein levande kystkommune med stor verdiskaping innan fiskeri, oppdrett, industri og offshore. Kystkultur er både gamalt og nytt. Austevoll har mykje å sjå av begge deler. Her er flotte naust- og hamnemiljø, store sjøhus for utrustning av fiskebåtar, båtar av alle slag, småbruk, kystlandskap, fiske, sjømerker, og mykje meir som kan oppleavast frå landevegen eller frå sjøsida med eiga båt eller som passasjer på ferje eller snøggbåt.
Kystlaget
Kystlaget i Austevoll tar vare på gamle båtar og hus og blei stifta i 1992. Mellom anna har dei restaurert "Mølla" i Vinnesvågen som var i drift frå 1928 fram til 1952. Mølla er også ein åreskiftstasjon for folk i opne båtar. (kr. 50,- for overnatting). Kystlaget fekk bygd ein seksæring i 1994 som vart døypt "Bregdø". Den blir brukt i konkurranser og seilt med. Dei har også gavlabåten "Notmann" som vart bygd i Herand i Hardanger i 1916. Den har vore i kystlaget si eige i 12 år. "Notmann" har segling frå Bekkjarvik kvar torsdag kl. 17 i sesongen (ta kontakt med Svein Midtøy tlf. 56185588/95086856.)
|