Hovudsida
Verdt å sjå i Austevoll
Kystkultur
Småbåthamn
Turløyper/ Nordsjøløyper
Fiske
Friluftsområde
Aktiviteter
Overnatting og Servering
Handel
Transport
Kontakt oss
Korleis kjem du deg til Austevoll
VR-presentasjon av Austevoll
Lenker
Kart
English version English
Norsk versjon Norsk

Austevoll - ut mot hav

Ein levande kystkultur med sjøhus, båtar, sjømerke, fyrlykter, ferjer, ringnotsnurparar, oppdrettsanlegg, men også gamle handels- og gjestgjevarstader og fråflytta øyar!

Eit praktfult kystlandskap med ei mengd øyar, holmar, trange sund, lune hamner, blankskurde svaberg, lyngheier, villsau og frodig furuskog!

Busetting og næringsliv i vekst, basert på fiskeri, oppdrett, offshoreverksemd og industri!

Nyhende

Austevoll artiklar til sal!
Austevoll reiselivslag sel no flotte Austevoll artiklar.

T-skjorter (lys blå og svart): 349,-
Str. S - XL

Caps (svart): 199,-
Solskjerm (kvit): 199,-

Stort, mjukt handklede: 349,-

Desse kan kjøpast på turistinformasjonen på Bekkarvik torg.
4. august 2010 - 11:40

Nyopna turistinformasjon i Austevoll.
Austevoll opna eige turistkontor, fredag, 25. juni. Det ligg i biblioteket på Bekkjarvik Torg og vil vere ope man-lør: kl. 10-16.

Her er informasjon for turistar så vel som for lokalbefolkninga.
25. juni 2010 - 14:16

Kulturkalender for Austevoll
Opplæring i segling i sommar. Kontakt Svein Midtøy tlf: 95086856.

---

Sommerutstillinga på Galleri Bekkjarvik
frå 4. juni til 31. august

Bodil Friele
Tone Henschien
Randi Sandven Skeie

Ope kvar laurdag frå 12.00 til 15.00. (med førehald om lukka arrangement).
Dersom du ynskjer å sjå utstillinga utanom opningstidene ta kontakt med resepsjonen på Bekkjarvik Gjestgiveri, tlf. 55 08 42 40

---

29. september
Forfattarbesøk: Gunnar Staalesen
Kl. 17.00 Austevoll Folkebibliotek, Bekkjarvik Torg
Kl. 19.00 Kulturbakeriet på Storebø

21. oktober

Hordaland Teater presenterer "Ole Bull. Jeg lager luftslott".
Austevoll si markering av Ole Bull-året - 200 år sidan Ole Bull vart fødd. Framsyninga er berekna for ungdom og vaksne.
Kultursalen på Storebø, kl. 19.30
9. april 2010 - 13:44

Fekk prisen for beste utstillar på Reiseklar i Grieghallen.
Austevoll reiselivslag mottok prisen for beste utstiller på reiselivsmessen i Bergen som ble arrangert 22. - 24. januar. Standen gjenspeiler atmosfæren en kan oppleve når en besøker Austevoll. Reiselivslaget håper mange har bestemt seg for å ta en tur ut til øyriket etter de besøkte Austevollsutstillingen.
25. januar 2010 - 10:31

Her kan du laste ned
pdf-versjon av guiden
Austevoll Reiselivslag, p.b.99, 5399 Bekkjarvik Tlf: 95187698 post@visitaustevoll.no